square03_blue_3.gif

Hovedside

square03_skyblue.gif

Pasientsider

square03_purple_1.gif

Legesider

square02_blue_3.gif

Faginfo

square03_blue_1.gif

Kontakt

square03_skyblue.gif

Lenkjer

 

Frå Köhlers Medizinal-Plantzen

    

LEGESIDER

Henvisning
Fjordklinikken har driftsavtale med Helse Midt-Norge RHF. Pasientar frå Møre og Romsdal og Trøndelag kan derfor henvisast til Fjordklinikken.

Etter NAV sitt regelverk skal pasientar henvisast til spesialist av ein annan lege, anten det er allmennlege eller lege ved sjukehus. Men vi ser helst at det er fastlegen som henviser pasienten, det gjer alt enklare både for fastlege, spesialist og pasient. Føresetnad for å kunne henvise til Fjordklinikken, er at det blir lagt til rette for eit tett samarbeid mellom legespesialist, fastlege og pasient. Når ein pasient blir henvist, må henvisande lege rekne med å sette av tid til felles oppfølging for visse grupper av pasientar. Dette kan vere felles møte med pasienten, somatisk utredning, blodprøvetaking, reseptar og oppfølging av medisinering, sjukemeldingar eller øyeblikkeleg hjelp.

Norsk helsenett
Henvisningar, epikriser, notat og laboratoriesvar kan sendast til oss på NHN.
Marit Rakstang har HerId 112888

Retningsliner for henvisning
Helse Midt-Norge RHF har utarbeidd retningsliner for henvisning, som gjeld frå 1. mai 2009 (sjå lenkje under). Henvisninga blir sendt vidare til Helse Midt-Norge dersom ikkje spesialisten kan starte behandling innan 6 månader. Helse Midt-Norge vil da prøve å finne eit tilsvarande behandlingstilbod. Men dette krev at pasienten gjev sitt samtykke til vidaresending. Fastlegen må evt. skrive dette i henvisninga.

Om ein pasient likevel ønskjer berre den behandlaren det er henvist til - og heller vil stå på venteliste - er det opp til pasienten sjølv. Dette må i tilfelle stå tydeleg i henvisninga. Les retningslinene for henvisning her:

Retningsliner for henvisning til spesialishelsetenesta innan psykisk helsevern

Vegen vidare - prioritering
Den henviste pasienten blir prioritert etter prioriteringsrettleiar "Psykisk helsevern for voksne". Denne kan lastast ned frå lenkje nedst på sida. Dersom pasienten oppfyller vilkåra for å få "rett til nødvendig helsehjelp" (rettigheitspasient), blir han/ho prioritert framføre andre.

I periodar der vi har kapasitet til å starte behandling innan 6 mnd., får pasienten beskjed om time til vurderingssamtale. Dersom pasienten ikkje har gjeve samtykke til vidaresending av henvisninga, blir pasienten sett på venteliste. Etter vurderingssamtale - som kan foregå i ein eller fleire timar - får henvisande lege/fastlege tilbakemelding. Dersom pasienten fortsett konsultasjon over lengre tid, sender vi rapport og heldt fastlege orientert om behandlinga. Og vi ser gjerne at fastlege tek kontakt med oss for å gje utfyllande informasjon, eller om det er noko han eller ho vil spørre oss om. Når pasienten blir avslutta i behandling, sender vi epikrise til fastlege - om pasienten ønskjer det.

Henvisningsinformasjon og behandling
Ved oppstart av behandling/vurderingssamtale blir det teke grundig anamnese. Denne byggjer på henvisningsinformasjon, samtale med pasienten og evt. komparentopplysningar.

Les meir om henvisningsinformasjon og behandling


Lenkjer

Retningsliner for behandling depresjon

Psykisk helsevern for voksne (rettleiar)

     
 

 

 

Fjordklinikken har driftsavtale med

Fjordklinikken har avtale
om direkte oppgjer med
 

© 2019 Fjordklinikken - www.fjordklinikken.no

Webdesign:
Fosna kulturverkstad