OM HENVISNING OG BEHANDLING - informasjon til lege

Anamnese
Ved oppstart av behandling/vurderingssamtale blir det teke grundig anamnese. Denne byggjer på samtale med pasienten og evt. pårørande. Men informasjon frå henvisande lege/fastlege er viktig. Dersom pasienten har hatt behandling ved sjukehus eller hos annan behandlar, er det viktig at denne informasjonen blir lagt ved henvisninga.

Viktige punkt i informasjonen frå henvisande lege/fastlege:

  • somatisk sjukehistorie

  • alle medisinar som pasienten står på

  • psykisk sjukehistorie og effekt av medisinar

  • kopi av blodprøvesvar for dei 2 siste åra


Om psykofarmaka
Det er ønskjeleg at pasienten så langt råd ikkje er medisinert med psykofarmaka ved oppstart. Sjå dei nasjonale retningslinene for diagnostisering og behandling av depresjon - last ned brosjyra her, eller sjå link til Helsedirektoratet sine sider om temaet på legesidene.

Sidan det vanlegvis er ventetid for behandling, kan fastlege i samråd med pasient prøve ut medisin. Dersom det gjev lite eller ingen effekt, bør nedtrapping startast, slik at pasienten om muleg kan vere medisinfri ved oppstart hos lege Marit Rakstang. Dersom medisin har god effekt, kan henvisning til Fjordklinikken revurderast.

Utredning og behandling
Kva typar utredning og behandling som er aktuell, er avhengig av diagnose, kva pasienten/henvisande lege ønskjer. Det blir vanlegvis teke mange standard blodprøvar som blir analyserte på laboratoria til sjukehusa. I ein del tilfelle er ikkje dette tilstrekkeleg, og det er ønskjeleg å rekvirere blodprøvar/urinprøvar som ikkje er dekte av det offentlege. Desse prøvane må betalast av pasienten, og må da gjerast i samråd med pasient. Blodprøvesvar, sjukehistorie og vurdering ut frå aktuell tilstand er grunnlag for ulike typar behandling:

  • samtalar/psykodynamisk orientert psykoterapi

  • gruppeterapi

  • akupunktur som del av behandling

  • spesialutredning ved mistanke om kjemiske ubalansar, rådgjeving og oppfølging

  • medisinering - krev blodprøvar og grundig vurdering i samråd med pasient

  • kostrelatert vurdering og rådgjeving

  • - ortomolekylær psykiatri
    - funksjonell medisin

    - vurdering og behandling av oksidativt stress

    Tilbake til Legesider

     
 

 

 

Fjordklinikken har driftsavtale med

Fjordklinikken har avtale
om direkte oppgjer med
 

© 2019 Fjordklinikken - www.fjordklinikken.no
Webdesign:
Fosna kulturverkstad